
Å spele på nynorsk
med Eldbjørg Lognvik
Om Kurs
Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?
Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei bruker til vanleg.
I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er svært nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein bruker, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.
Som deltakar får du eit verktøy for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.
Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg.
- Tidspunkt: 27. april: kl 12 – 18. 28. og 29. april: kl 10-16
Kurset holdes digitalt på grunn av rådende koronasituasjon.
Medlemmer i Norsk Skuespillerforbund får rabattert pris på kursavgiften.
Instruktør
Kurshaldar Eldbjørg Lognvik er utdanna lærar og logoped, og ho underviste på skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole, seinare Khio, i mange år.
I 2005 leverte ho hovudfagsoppgåve om problematikken rundt dialektovergang; kva skjer med stemme og kroppsspråk når vi skal bytte dialekt eller språk?
I 2013 flytta ho tilbake til heimbygda Flatdal i Telemark, og har dei siste åra arbeidd innanfor stemmebehandling, stemmeutvikling og språkarbeid/dialektovergang i ulike samanhengar, mellom anna ved Nationaltheatret, NRK og filminnspelingar.
I 2015 gav ho ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme-og språkarbeid som er basert på pensum ved skodespelarutdanninga, god faglitteratur og erfaringar gjennom mange års praksis.
Deltakerkriterier
Åpent for profesjonelle deltakere, dvs. med godkjent treårig utdanning på høyskolenivå, eller tilsvarende profesjonell erfaring, med følgende bakgrunn:
Skuespillere og regissører.
Sted
Kurset er et webinar som avholdes på nettstedet Zoom. Zoomlenke fås i forkant av kursstart, etter at fakturaen er betalt.
I samarbeid med
