Innlesing – frå førebuing til ferdig lydbok
- Pris 950
- Sted Oslo
- Startdato 10/02/2025
- Sluttdato 14/02/2025
- Starttidspunkt 09:00
- Sluttidspunkt 13:00
…eller frå (fortvila:) «A(ch)!» til (eksaltert:) «Å(h)!»
Kva inneber eit innlesingsoppdrag? Kva må eg kunne/ha/gjere for å bli ein god innleser? Kva kan eg få ut av å vere innlesar? Korleis kan eg ha det godt som innlesar? Dersom du i tankane har sveipa innom eitt eller fleire av desse spørsmåla, er sannsynlegvis dette kurset noko for deg. Velkommen til kurs i lydbokinnlesing med Roald Hellum Madland fra Leirbålet lydproduksjon!
Å bli ein god lydbokinnlesar handlar mellom anna om å bli kjend med kor intimt formatet er, og finne ut korleis du kan bruke tekstforståinga di og ferdigheitene dine til å formidle tekst levande og truverdig, i eit lite rom, kor ingen ser deg. Me kjem til å gå gjennom litt teori, jobbe praktisk med å analysere tekst på lydbokvis, og prøve å finne fram til den naturlege, lette, engasjerte lydbokforteljarstemma di.
Kurset tar sikte på å gi deg ei kortfatta teoretisk innføring i lydbokfaget, og ein smak av erfaringa du treng for å kunne ta på deg lydbokoppdrag for forlag. I løpet av kurset produserer me nokre leseutdrag til ein høg standard saman, som du kan bruke til å marknadsføre deg sjølv, og som Leirbålet lydstudio kan bruke til å promotere deg overfor forlaga når me får bøker til casting.
Kurstider
Mandag 10. feb: 09:00–12:00
Onsdag 12. feb: 09:00–13:00
Fredag 14. feb: 09:00–13:00
Forberedelser
Ingen forberedelser i forkant av kursstart, men deltagerne må ha mulighet til å gjøre noe arbeid/forberedelser mellom kursdagene.
Lunsj
Vi serverer kaffe og te, og du er hjertelig velkommen til å ta lunsjen din i Skuespiller- og danseralliansens lokaler (vegg i vegg med Leirbålets studio) ved kursslutt alle 3 kursdager.