Scenekunstkollektivet

Klovnekoret

  • Pris Gratis
  • Sted Oslo
  • Startdato 28/04/2025
  • Sluttdato 03/05/2025
  • Starttidspunkt 10:00
  • Sluttidspunkt 15:30
Søknadsfrist: 21. apr 2025

Alle mennesker har i løpet av sitt liv songe i kor. Enten det er skulekor, profesjonelt kor eller berre allsang i ein konfirmasjon. Denne veka skal vi vekke klovnen inni oss og dens stemme til live, og danne eit klovnekor!

Kursdeltagerane tar med seg ei historie knytta til kor. Var det ein gong nokon stjelte soloen din? Eller har du songe i eit kor som har vore mest opptatt av kaffi og kaker? Gjennom kurset vil vi gjere klovneøvingar i duoar, trioar, improvisere, skrive og til slutt invitere publikum inn til korkonsert. Dette kan verte ei humoristisk affære full av leik, song og innviklingar både med og utan nase.
Kuset vert tilpassa kursdeltageranes behov. Du kan kome uansett om du har arbeida med klovn før eller ikkje – her skal vi fyrst og fremst leike oss og hylle det dumme. Det fins trass alt ikkje dumme folk, berre folk som ikkje tenkjer seg riktig om!

Kurset ledes av Kornelia Melsæter.

Kurstider
Mandag 28. april: 10-15
Tirsdag 29. april: 10-15
Onsdag 30. april: 10-15
Torsdag 1. mai: Fri / Kampdag – vi går i tog
Fredag 2. mai: 10-15
Laurdag 3. mai: 10-15:30, visning i Pyramiden på SALT kl. 14.30

Forberedelser
Deltagerne bes om å:

  • Ta med eit klovnekostyme.
  • Ta med ein eigen raud nase, om du har.
  • Ta med ein personleg kor-erfaring/historie.
Deltakerkriterier
Instruktør
Sted
Søknad

I samarbeid med: