Illustrasjonbilde prøverom

Prøverom på Teater Vestland

  • Pris Gratis
  • Sted Førde
  • Startdato 27/05/2024
  • Sluttdato 31/05/2024
  • Starttidspunkt 10:00
  • Sluttidspunkt 16:00
Søknadsfrist: 19. mar 2024

I samarbeid med Teater Vestland tilbyr vi våren 2024 igjen prøverom i Førde, med fokus på nynorsk som scenespråk.

OM PRØVEROM
Prøverom er ei kunstnarleg utforsking av ein idé. Det er eit forprosjekt, der ein idé/eit konsept blir prøvd ut og forska i. Prøverom er ikkje del av ein prøveperiode. Gruppa får tilbod om honorar til ein rettleiar som skal gi nye perspektiv på utforskingsstadiet. Denne rettleiaren kan ikkje vere ein person som allereie er knytt til kompaniet/prosjektet.

OM TEATER VESTLAND
Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) endå tettare samarbeid og utveksliing med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Teateret ønsker å gi frie grupper moglegheit til utforsking og utprøving av idear og konsept og til å stimulere til fleire produksjonar som bruker nynorsk som scenespråk. I tillegg ønsker teateret å bidra til at publikum og utøvarar skal møte kvarandre.

Teater Vestland har flytta inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

PRAKTISK INFORMASJON
Målgruppe: Prosjekt på nynorsk og med mangfaldsfokus blir prioritert
Dato: 27.–31. mai 2024

Ved tildelt Prøverom får du:

  • Øvingsrom i Teater Vestland sine nye lokale i Nynorskhuset i Førde i inntil 5 dagar
  • Losji i Teater Vestland sine bustader i opptil 5 dagar for inntil 4 personar
  • Betalt rettleier i 2 dagar, inklusiv opphald og reise (inntil NOK 8000,- totalt)
  • Rom med grunnleggjande teknikk (minimum scene 2: 15m x 12 m)
  • Moglegheit for rettleiing om korleis ein nyttar nynorsk som scenespråk (etter avtale)
  • Moglegheit for arbeidsvising siste dag av prøverom med publikum (etter avtale)
  • Personale: Ved behov stiller kompani/scenekunstnar sjølv med teknikar, om ikkje anna er avtalt.

DELTAKARKRITERIUM
Ope for profesjonelle skodespelarar, det vil seie med godkjend, treårig utdanning på høgskulenivå i utøvande skodespelarkunst, eventuelt tilsvarende profesjonell skodespelarerfaring. Prosjektet kan inkludere profesjonelle kunstnarar med annan fagleg/kunstnarleg bakgrunn. CV-ar må sendast inn på alle deltakarar.

VILKÅR

  • Teater Vestland og Norsk Skuespillersenter må nemnast som støttepartnarar i all marknadsføring av prosjektet, og logoane våre må nyttast i dei samanhengane der det er naturleg (nettside, flyer, plakat, program o.l.).
  • Deltakarane må skrive ein kort rapport (ei halv A4-side) som vi kan gjere tilgjengeleg på våre heimesider og nytte i andre samanhengar. Rapporten må skildre prosessen og kva som er oppnådd, inkludert ei oversikt over alle skodespelarane og andre deltakarar som var med. Legg gjerne ved bilde, lenke til video eller heimeside osv.
Deltakerkriterier
Sted
Søknad

I samarbeid med: