Å spele på nynorsk – del 2
- Pris 1000
- Sted Førde
- Startdato 24/04/2024
- Sluttdato 26/04/2024
- Starttidspunkt 12:00
- Sluttidspunkt 15:00
Dette kurset er ei vidareføring av kurset «Å spele på nynorsk – eit kurs i dialektomlegging», og rettar seg mot kursdeltakarar som har delteke på dette. Målet med del 2 er at deltakarane skal kjenne seg tryggare i møte med nynorsk scenetekst og i arbeidet med å levandegjera nynorsk scenespråk. Deltakarane skal kunne nytte seg av metoden for dialektomlegging i dette arbeidet.
Innhald
Vi held fram med samtalene rundt nynorsk scenespråk. Mellom anna drøftar vi: Kva er “mitt” nynorske scenespråk? Korleis skil det seg frå andre former for nynorsk scenespråk? Korleis endrar det nynorske scenespråket seg i takt med dialekten og det geografiske området ein tek utgangspunkt i?
- Kort oppfrisking av metoden for dialektomlegging.
- Deretter går vi vidare i arbeidet med metoden. Fokuset er integrering av talespråk, kropp og stemme. Deltakarane vil få individuell rettleiing og arbeidet vil for ein stor del vere praktisk.
Det blir også rom for at deltakarane på kurset kan koma med individuelle ønskje og innspel til kva vi kan arbeide med.
Tidspunkt
Onsdag 24. april: kl. 12-19 (startar med lunsj)
Torsdag 25. april: kl. 10-17
Fredag 26. april: kl. 10-15
Overnatting
Earlybird-tilbod til dei fem første som søker og får plass er gratis bustad i Prestegarden. Deltakarane må ellers bekoste overnatting sjølv, men kan nytte Teater Vestlands hotellavtale.
OM TEATER VESTLAND
Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) å vere eit kompetansesenter for scenekunstnarar og ein møteplass for folk i bransjen.
Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».