Eldbjørg Lognvik

Å spele på nynorsk

  • Pris 800/700
  • Sted Førde
  • Startdato 05/09/2022
  • Sluttdato 07/09/2022
  • Starttidspunkt 12:00
  • Sluttidspunkt 16:00
Søknadsfrist: 22. jun 2022

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?

Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei brukar til vanleg.

I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er særs nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein brukar, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.

Som deltakar får du eit verktøy for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.

Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg.

Tidspunkt:
5. september: kl. 12 – 19 (startar med lunsj)
6. og 7. september: kl. 10-16 begge dagar

EI INNHALDSRIK VEKE I SUNNFJORD
Kurset ligg saman med tre andre arrangement som skjer i same veke i same område: Bransjetreff, Fagsamtalar om scenekunst for barn og unge med Kulturtanken og Scenekunstbruket samt Teaterfestivalen i Fjaler. Så om du har til og moglegheit, kan du få fagleg påfyll, bli kjent med nye og betre kjent med gamle, oppleve teater, delta i diskusjonar om kva feltet er og kva det treng – i ei og same veke!

Bransjetreff 8. og 9. september
Teater Vestland inviterer alle kursdeltakarar og scenekunstfeltet til Regionalt bransjetreff i Førde ! I to dagar fokuserar vi på bransjen i Vestland fylke. Kven er vi? Kva treng vi? Vi møtast og presenterer oss sjølve og våre kunstnarskap, deler erfaringar, råd, utfordringar og moglegheiter. Vi kjem med meir detaljert info når det nærmar seg, men ønskjer at du held av datoane allereie no!

OVERNATTING
Kursdeltakarar får spesialpris for overnatting gjennom Teater Vestland. Reservasjon gjerast via e-post bransje@teatervestland.no. Førstemann til mølla!

Thon Hotel Førde: kr 650,- per natt per person

Medlemmar i Norsk Skuespillerforbund får rabattert pris på kursavgifta.

Deltakerkriterier
Instruktør
Sted
Reisestøtte
Søknad

I samarbeid med: