Plakat kurs

Å spele på nynorsk
med Eldbjørg Lognvik

Søknadsfrist 1. okt
Dato 31. okt – 2. nov
Pris 900/800 kr
Tid 12:00 - 16:00

Om Workshop

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får tatt ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?

Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei brukar til vanleg.

I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er særs nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein nyttar, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.

Som deltakar får du eit verktøy for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk, slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.

Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg.

Tidspunkt:
31. oktober: kl. 12 – 19 (startar med lunsj)
1. og 2. november: kl. 10-16 begge dagar

OVERNATTING
Kursdeltakarar får høve til gratis overnatting i kollektiv gjennom Teater Vestland. Eige soverom, felles stove, kjøkken og bad. Gi beskjed om du ønsker dette. OBS! Begrenset antall plasser.

OM TEATER VESTLAND
Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) å vere eit kompetansesenter for scenekunstnarar og ein møteplass for folk i bransjen.
Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

Instruktør

Eldbjørg Lognvik er utdanna lærar og logoped, og ho underviste på skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole, seinare Khio, i mange år.
I 2005 leverte ho hovudfagsoppgåve om problematikken rundt dialektovergang; kva skjer med stemme og kroppsspråk når vi skal byte dialekt eller språk? I 2013 flytta ho tilbake til heimbygda Flatdal i Telemark, og ho har dei siste åra arbeidd innanfor stemmebehandling, stemmeutvikling og språkarbeid/dialektovergang i ulike samanhengar, mellom anna ved Nationaltheatret, NRK og filminnspelingar. I 2015 gav ho ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme- og språkarbeid, basert på pensum ved skodespelarutdanninga, god faglitteratur og erfaringar gjennom mange års praksis.

Deltakerkriterier

Åpent for profesjonelle skuespillere, dvs. med godkjent treårig utdanning på høyskolenivå i utøvende skuespillerkunst, eller tilsvarende profesjonell skuespillererfaring.

Sted

Teater Vestland, Førdehuset, Førde

Reisestøtte

Vi har som mål å være et kompetansesenter for skuespillere over hele landet, og Norge er et langstrakt land. Derfor kan du søke oss om reisestøtte dersom du har fått plass på et av våre kurs/arrangement og du bor langt unna stedet der det gjennomføres.

Les mer om hvem som kan få reisestøtte

I samarbeid med

Søk plass

Søknadsfrist 1. okt
Dato 31. okt – 2. nov
Pris 900/800 kr
Tid 12:00 - 16:00

Innsendt søknad er bindende, og du må oppfylle for å kunne få plass. Du vil få svar på søknaden innen to uker etter fristen.